Det var i dei dagar då Jotar nett hadde gått ut i frå Jotungymnas i Vågå.
Våga hadde vert ein flott plass og bu. Der var det mange tullingar å erte, ein gamal kyrkje med ein prest han kunne skrøyme og det var ein fabrikk som produserte Jøtulpeisar. Ein gong i blant gjekk han ned for å ta seg nokon peisdørar som han åt med liv og lyst. Men det var ein ting som Vågå sakna; Bartetrøndarar. Ekte Karsktrøndarar med longe harrybartar som han kunne ta og more seg med.
Så då han var ferdig med eksamen i jotunologi og han kunne smykkje seg med den vene tittelen Cand. Jotne drog han ut i verda for å finne seg ein stad å bu. Han fann seg ein plass i Møre og Romsdal som han likte godt, ikkje berre var det trønderar like ved, det var også gnitne sunnmøringar han kunne erte. Han starta med oppgåva si med liv og lyst.
Ein dag fann han ein gniten Sunnmøring som han tenke han kunne more seg med. Sunnmøringen gjekk og spankulerte runt og såg etter småmyntar. Jotar kasta nokre kronar foran mannen som med ein gong satte eitter dei med nesa ned i bakken. Han la ikkje merke til at pengane rulla ned mot bryggja. Så sunnmøringen gjekk på hovudet ut i vatnet og byrja og kave felt. Jotar gjekk ned på brygga og tok opp pengane sine. Så tok han ein daud torsk og kasta han i fleisen på sunnmøringen fordi han hadde prøvd å ta pengane hans. Så lo han så magen hans rista og gjekk sin veg.
Ikkje lenge etter møtte han ein trøndar som han ville erte. Dette var ikkje ein gong ein ekte trøndar sidan han ikkje hadde trøndarbart. Han karen her heitte Marvin Wiseth og var ordførar trønderhouvudstaden Trondheim. Han var småtykk og hadde raud nase. Marvin var på veg til ein låvefest der han skulle drikkje potetsprit og karsk. Jotar gjekk saman med han på vegen mens han tenkte ut ein måte plage denne bartelause trøndaren. Dei kom fram til låven der festen holdt på. Jotar fann eit daud Lemen som låg like utafor låven og han tok den med seg inn. Inne gjekk han bort til ein full bartetrøndar og stakk lemenet opp i kjeften på han og sa. "Hei du, din fulle trøndar! Kvifor talar du inn i lemenet som om det skulle ha vore ein mikrofon? "E snakk itj inn i lemmene E, nei?"
"Jau, da gjer du!" Og så slo Jotar trøndaren over munnen med det daude lemenet.
Jotar gjekk sin veg og fann ein hole oppe i berget ein stad, kor nokre trøndarar hadde karskbrenneri. Han heiv dei ut og sa at dei fekk finne seg ein anna stad å brenne sprit, for no ville han bu der. Han hang opp eit skilt øver døra der det sto "Hole, vakre hole", og så sovna han inn. Og når han vakna var han på ny klar til å plage trøndarar og gnitne nordmøringar. Men det er ein heilt anna historie .