Jotunen Jotar bur oppe i fjella ein stad, han likar å
fange trønderar og ta bartane deira. Bartane har han i ein liten pose
Og får tid til anno tek han dei på seg.
Andre gonger når han vil skremme lokalbefolkninga tek han med seg ein pose, den kallar han for pinselsposen. Han tar den med seg ned i bygdo og tvingar folk til å sjå kva som er nedi han. Eigenleg er han heilt tom, me det er et hol i botn på han. Jotar stikk handa si opp gjennom holet og knipsar dei som ser nedi på nasen, og så dreg han dei i øyro.
Jotar er frykta over heile bygdo og det er berre dei modigaste og dummaste som våger seg ut når Jotar er ute og går. Dei som ikkje held ut pinselen får buksevatn og dei må ete mark til dei stupar.
Alle i bygdo har skrive under eit protestbrev der dei seier at det ikkje er noka snilt å gjere slik med fredelege bygdetullingar. Jotar derimot på sin side ser ikkje noko gale i det.
Og er han ikkje daud så held han på enno.
Snipp, snapp, snute så var også dette eventyret ute.